Skal sjekke sjøsida

Tidlegare Eid kommune har gjennomført målingar i området Hola ved Sjøgata. Målingane viser at der er ein viss bevegelse. Det sig jamt og trutt, noko som skaper utfordringar for leidningsnett i grunnen. No skal det i tillegg gjerast undersjøisk kartlegging på vestsida av vegen.

Mange rør: Det ligg rikeleg med rør nedgrave i Hola. Bevegelse i grunnen og rør er ingen god kombinasjon, og kan på sikt bli problematisk. Foto frå anleggsarbeid i HOLA. 

– Det er sig jamt og trutt, men det er ingen store endringar, seier einingsleiar Tore Nyhammer-Taklo. Arkivfoto 

Nyhende

Stad kommune har saman med Eid Fjordvarme eit leidningsanlegg som ligg langs austsida (landsida) av Sjøgata ved Hola. Avlaupsleidningane er baserte på sjølvfallsprinsippet, men setningar i leidningstraséen gir utfordringar.

Kommunen har sidan mai 2016 og fram til november 2019 utført setningsmålingar i 20 utvalde punkt i leidningstraséen og i tilgrensande område både på terreng og på bygningar. Målingane viser at setningsutviklinga i ein del av målepunkta held fram utan nokon avtakande tendens. Kommunen vurderer no å installere ein pumpestasjon i leidningsanlegget.

Risikovurdering

Spørsmålet om det er knytt nokon ekstra risiko til ei slik investering med tanke på vidare setningsutvikling og eventuelle horisontalforskyvingar av leidningsanlegget, var tema på eit møte der Eid kommune tok dette opp med Norconsult.

Av dokumentasjon går det fram at setningar og horisontalforkyvingar i anleggsperioden auka frå land og ut mot sjøen.

Setningane etter 2016 er størst i området mellom austre vegkant og vestre del av bygningane. Dette er grovt sett målepunkt som er konsentrerte til ei sone nær leidningstraséen.

Sjølv om det er brukt betonglodd på leidningane i grøfta, er det neppe tilført nokon vesentleg auke i vertikallasta langs leidningstraséen.

Gjennomgang av historikken

Torgeir Døsland frå Norconsult tok på møtet med Eid kommune ein gjennomgang av historikken og materialbruken i Sjøgata-prosjektet med sikte på å få fram moglege forklaringar på setningsproblematikken

• I 1991 vart det gjennomført ei grunnundersøking som viste fleire meter tjukt opplag med laust lagra sand med høgt organisk innhald.

• I 1998 vart det utarbeidd tilbodsgrunnlag for veganlegg basert på utskifting av organiske massar i inntil fire eters djupne.

• 1999 vart det utarbeidd tilbodsgrunnlag for veganlegg basert på revidert/redusert prosjekt utan masseutskifting, men med forbelastning og måling av setningar for å vurdere når tida var moden for å ferdigstille anlegget.

• 31.07 i 2001 var det byggestart. To månader etter byggestart tok kommunen til å måle setningar på bygningar og terrengpunkt.

• Blikkenslager Husevåg rapporterte om at setningar medførte behov for gjentatte, kostbare justeringar av maskinfundament inne på verkstaden.

• I juni 2002 vart det gjennomført supplerande grunnundersøking inne på terrenget aust for veglina.

• I oktober 2003 vart det gjennomført avlasting av fyllinga og utlegging av lette fyllmassar av bork og skumglas.

• Ferdigstilling av veganlegget, truleg i 2004.

• I 2003–2004 vart det lagt VA-leidningar langs austsida av Ein har bilete frå anleggsarbeidet som viser at bork er grave opp frå grøfta og mellomlagra på sidene.

Moglege årsaker i nyare tid

Når det gjeld mogelege årsaker til setningane i nyare tid, vert det vurdert som godt mogleg at ein del av den oppgravne borken etter tilbakefylling ned i grøfta har blitt meir eksponert for luft og/eller har blitt dårlegare komprimert enn dei omkringliggande massane. Laus lagring i seg sjølv kan føre til konsolideringssetningar, og kombinasjonen av laus lagring og oksygentilgang kan føre til ein raskare forråtningsprosess enn den som går føre seg i borkassane i sjølve vegkroppen, der borken ligg djupare og er overlaga med skumglas.

Dette er etter Torgeir Døsland i Norconsult sitt syn den mest sannsynlege forklaringa på setningsutviklinga.

– Og ein må rekne med at denne prosessen vil halde fram i lang tid.

Steinplastring mot sjøen

På møtet mellom Eid kommune og Norconsult vart foto og video frå ei synfaring med båt langs fyllingsskråninga mot fjorden gjennomgått. Skademønsteret tyder på at det har gått føre seg ei setning i foten av plastringa. Dette plastringsfundamentet er samanfallande med ei «hylla» som ligg om lag på kote 3.

Tilrår undervasskartlegging

Norconsult tilrår at det blir gjort ei undervasskartlegging av nedre del av steinplastringa mot sjøen inklusiv fundamentet. Dette kan enten gjerast som videoinspeksjon med ROV eller som dykkarinspeksjon med videoopptak. I begge tilfelle må det leggast stor vekt på å dokumentere posisjon/inspeksjonsrute.

I roleg tempo

Eigedomssjef i Stad, Tore Nyhammer Taklo stadfestar overfor Fjordabladet at det skal gjerast undersjøiske målingar ved Sjøgata.

– Når det gjeld målingane som blir gjennomførte på land aust for Sjøgata, så viser dei at ting beveger seg, men beveger seg i eit roleg tempo.

– Det er sig jamt og trutt, men det er ingen store endringar, seier Nyhammer-Taklo. Sist måling vart gjort i november 2019.

Er bekymra for eigedommane

Bebuar Ernst Husevåg sende i oktober skriv til kommunen der han gav uttrykk for bekymring. Han opplever at grunnen sig og glir utover mot sjø.

– Dette er blitt så gale at vi fryktar at grunnen skal rase ut i fjorden. Når ein har så store rørsler i grunnen er man blitt bekymra på kva som vil hende med eigedommar. Tenker da undersjøiske ras eller store utglidingar av grunnen. Eigedommar inkludert bygningar ber preg av at noko går føre seg i grunnen, påpeikar Husevåg.

Kan bli problem på sikt

I svar frå Tore Nyhammer Taklo 12.11.19 går det fram at målingane viser at leidningane synker tilsvarande som målingar på bakken viser, og at ein med fordel kan planlegge omlegging i samband med anna arbeid i området.

Nyhammer-Taklo skriv at enno er det ikkje noko gale med leidningane, men det kan det bli på sikt.

– Ein har starta arbeid med planlegging og vurderingar for å unngå skader og meirarbeid på offentleg og privat eigedom.

– Eit punkt som etter tilråding frå Norconsult skal undersøkjast ligg på Eid kommune i sjøkanten/plastringsfoten for vegen. Dette vil bli utført kartlegging med eigna utstyr som kan dokumentere det ein ser under vatn.