Har fått driftsansvaret for fylkes- og riksvegane

Mesta er tilbake på nordfjordvegane

Dei mestagule bilane er igjen å sjå på vegane våre. Mesta har fått driftsansvaret for fylkes- og riksvegane i Nordfjord dei neste fire åra.

GODT SAMARBEID: Prosjektleiar Veronika Engdal (35) i Mesta og byggjeleiar i Statens vegvesen, Even Hjelle (31), samarbeider godt. Hjelle har den daglege oppfølginga av kontrakten med Mesta. Engdal har jobba i Mesta sidan 2015, og har grått gradene i organisasjonen. Mesta har base på Løkjaneset. Foto: Per Ole Lefdalsnes (POL) 

Mesta gjennomfører systematisk inspeksjon av vegnettet døgnet rundt, året rundt ...

Nyhende

Mesta er det største og det leiande selskapet innan drift og vedlikehald av veg i Noreg, og har no etablert seg på Løkjaneset i lokala til Nor Marine, der dei har vore i full drift sidan 1. september i fjor. Folk som ferdast på vegane har lagt merke til skiftet frå Presis Vegdrift AS med svarte bilar til Mesta med gule bilar.