Klart for Lockdown

Fredag 17. januar er det premiere på russerevyen og i år vert det Lockdown på Eid vidaregåande skule.

SNART KLAR: Eidarussen ved Eid vidaregåande skule har den siste tida jobba svært hardt for å bli klar til neste helg då premieren av årets russerevy Lockdown går av stabelen i Operahuset Nordfjord.   Foto: privat

Nyhende

Fredag 17. januar og laurdag 18. januar står Eidarussen 2020 på scena under russerevyen Lockdown. Årets tema er at ein ukjend epidemi har spreidd seg rundt om i Norge, og har snudd kvardagen på Eid vidaregåande skule på hovudet. Det blir lockdown på Eid vidaregåande skule, som ifølgje manusforfattarane Hanna Reksnes, Susanne Rønnekleiv, Ingeborg Myklebust, Ingeborg Holmgren og Sunniva Flaten Brekke, også vert eit slags hovudkontor.