Nordfjordeid har fått over 3000 innbyggjarar

Aukar mest i Nordfjord

Tettstaden Nordfjordeid har auka med 44 fleire personar sidan i fjor, den største folkeauken i Nordfjord. For første gong har Nordfjordeid fått over 3000 innbyggjarar.

Tettstaden Nordfjordeid har hatt stor folkeauke dei siste 6-7 åra. Det siste året har dei toppa statistikken, med mest auke av tettstadane i Nordfjord. Nordfjordeid er no den sjette største tettstaden i gamle Sogn og Fjordane fylke.   Foto: Arkiv

Nyhende

Med ein folkeauke på 44 personar har Nordfjordeid den største folkeauken av tettstadane i Nordfjord, frå 2018 til 2019.

Tettstaden Stryn har auka med 38 personar, Måløy med 30 personar og Sandane med 11 personar, frå 2018 til 2019.

I ei pressemelding frå Alfred Bjørlo, ordførar i Stad kommune, blir folkeauken oppsummert slik:

Innbyggjartalet på Nordfjordeid, kommunesenteret i nye Stad kommune, er for fyrste gong over 3000 innbyggjarar. Det syner nye tal frå SSB over folketal i norske tettstadar.


- Nordfjordeid har dei siste 5-6 åra styrka seg som eit senter både for bustadbygging, handel og tenester. Det er ein milepæl at vi no for fyrste gong er over 3000 innbyggjarar i tettstaden Nordfjordeid. Med mange nye bustadprosjekt på gang, er det all grunn til å tru at talet vil halde fram å auke, seier ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (V).


- Det er også gledeleg å sjå at innbyggartalet er aukande også i Selje tettstad, og jamnt eller svakt aukande også i dei andre tettstadane i Stad kommune som er med i SSB sin statistikk (Leikanger på Stadlandet, Bryggja, Stårheim/Torvika og Mogrenda).

- Stadig fleire, både unge og gamle, ynskjer å bu nær tenester og servicetilbod, og det er viktig at vi som kommune klarer å legge til rette for auka bustadbygging både i kommunesenteret Nordfjordeid og andre tettsteder i kommunen, seier ordførar Alfred Bjørlo.


Nordfjordeid har pr 2019 eit innbyggjartal på 3.018, ein vekst på 44 personar fra året før. Innbyggjartalet på Nordfjordeid var fram til 2013 stabilt på ca 2600-2700 innbyggjarar, men har sidan 2013 auka med nær 300 innbyggjarar og er no for fyrste gong over 3000. Nordfjordeid er med det den sjette største tettstaden i gamle Sogn og Fjordane fylke.

Dersom trenden held fram, vil Nordfjordeid i 2021 passere Øvre Årdal og bli mellom dei fem største tettstedene i nordlige del av nye Vestland fylke.

04859: Areal og befolkning i tettsteder, etter tettsted, statistikkvariabel og år


















2015

2016

2017

2018

2019

5671

Svelgen

1235

1219

1233

1207

1189

5672

Kalvåg

455

443

448

450

423

5673

Bremanger

415

425

419

407

396

5681

Raudeberg

640

648

664

656

622

5682

Måløy

3243

3245

3252

3283

3313

5683

Tennebøen

0

0

0

0

0

5684

Holevik

334

317

314

308

299

5685

Vågsvåg

0

0

204

204

201

5686

Bryggja

324

320

305

317

314

5691

Selje

642

683

705

724

735

5692

Leikanger

421

405

414

408

399

5701

Nordfjordeid

2851

2891

2938

2974

3018

5702

Mogrenda

319

332

331

348

358

5703

Torvika

238

225

236

233

237

5711

Grodås

485

483

486

484

491

5721

Sandane

2265

2285

2360

2436

2447

5722

Byrkjelo

290

293

294

303

324

5723

Re

371

360

366

378

370

5731

Stryn

2372

2424

2482

2515

2553

5732

Innvik

448

460

438

446

431

5733

Olden

513

517

505

492

479

Kjelde: SSB