Åtte fekk åtvaring etter brot på regelverk

Statens vegvesen kontrollerte tungtransport og køyre og kviletida på Kjøs.

KONTROLL: Det var fleire brot på køyre og kviletidsregelverket då Statens vegvesen utførte ein kontroll på Kjøs natt til torsdag.  Foto: ARKIV

Nyhende

Natt til torsdag hadde Statens vegvesen kontroll på Kjøs. 21 køyretøy vart kontrollert, medan totalt 71 køyretøy var inne på kontrollplassen. Det var tungtransport og køyre og kviletid som stod i fokus under kontrollen.

Ifølgje Statens vegvesen var det to sjåførar som måtte rydde i siktsona. I tillegg fekk totalt åtte sjåførar åtvaring for brot på køyre og kviletidsregelverket.