Uvêr påverkar trafikken

Onsdag ettermiddag og kveld har det vore sterke vindkast rundt om i Nordfjord.

Det har vore mykje vind og nedbør også onsdag, og det påverkar trafikken. Fleire ferjer og vegar er stengde.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ifølgje Fjord1 er sambandet Stårheim – Isane mellombels stengt grunna uvêr.

I tillegg er fleire fjellovergangar stengt eller har kolonnekøyring onsdag kveld.

Strynefjellet er blant fjellovergangane som er stengde grunna uvêr. Ifølgje Statens vegvesen vert Strynefjellet ikkje opna onsdag.

Ved Filefjell er det kolonnekøyring inntil vidare grunna uvêr.

Vikafjellet er stengt og vert ikkje opna onsdag.

Hemsedalsfjellet er stengt for personbilar og så er det kolonnekøyring for køyretøy med totalvekt over 7,5 tonn grunna uvêr. Første kolonne melde Statens vegvesen vart rundt klokka 21:00 frå Borlaug, og klokka 23:00 frå Storeskar.

Hol – Aurland er også stengt grunna uvêr og vert ikkje opna onsdag. Det same gjeld Tyin – Årdal.