To fekk bruksforbod

Statens vegvesen var natt til onsdag på plass på Kjøs der dei kontrollerte tungtransport og køyre og kviletida.

KONTROLL: Statens vegvesen hadde kontroll på Kjøs, og tildelte to bruksforbod og eitt gebyr.   Foto: Arkiv

Nyhende

Totalt 14 køyretøy vart kontrollerte under kontrollen på Kjøs natt til onsdag. Totalt 51 køyretøy var inne på kontrollplassen.

Ifølgje Statens vegvesen vart det under kontrollen tildelt to bruksforbod. Eitt vogntog var for langt og måtte korte inn lengda, medan eitt køyretøy hadde luftlekkasje og vart vist til næraste verkstad for reparasjon.

I tillegg var det ein sjåfør som fekk gebyr for å ikkje ha med seg førarkort.