Startar arbeid på eldretunet i løpet av januar

Arbeidet med rehabilitering og ombygging av Eid eldretun/Fossevegen vil bli starta opp i løpet av januar og skal vere ferdig i god tid før jula 2020.

Ombygging og rehabilitering: Anbodskonkurransen handla om ombygging og rehabilitering av omsorgsbygg for eldre, Eid eldretun i Fossevegen med kontraktsverdi på om lag 20.000.000 kroner. Arkivfoto: Anna Wuttudal 

Nyhende

I desember vart det klart at Eid kommune igjen hadde innstilt Stårheim Bygg AS på førsteplass i samband med anbodet på Eid eldretun/Fossevegen. Karensfristen var 2. januar.