Leiar

På høg tid

Politikarane i Stad skal ha ros for at ein no tek tak, sjølv om det er i seinaste laget.

Arbeidarpartiet med varaordførar Siri Sandvik i spissen fekk sient i fjor haust gjennslag for at det skal lagast ein plan mot barnefattigdom i Stad kommune.   Foto: Tormod Flatebø

Skilnadane mellom fattig og rik er openberre på mange felt

Nyhende

Barnefattigdom er uakseptabelt for borna det gjeld, og den kan bli kostbar for samfunnet på sikt. God statistikk og kunnskap om utbreiinga av fattigdom er viktig for å kunne hjelpe. Over 100.000 born lever i dag i familiar med vedvarande låg inntekt, og skilnadane i inntekt aukar sjølv med høg politisk merksemd. Slik er det også i vår kommune. I ei eiga sak på etterfølgjande sider kan vi sjå at det i 2005 var 213 personar i Eid som levde under fattigdomsgrensa. I 2018 var det 271 personar. Talet på born som veks opp i fattige familiar har auka jamt sidan starten av dette tusenåret. Det er ikkje tvil om at enkelte born får ein trongare start på livet, og eir meir utsette for å utvikle dårlege livskår.

Både før, under og etter kommunevalet i fjor haust har det vore fokus på dette temaet. Først ute var Eid Arbeidarparti som stilte eit grunngjeve spørsmål til ordføraren om barnefattigdom i Eid kommune lenge før valet. Det Ap ønskte med spørsmålet er litt uklart, men etter valet var vel i hamn kom saka på nytt opp, og kommunestyret i den nye kommunen vedtok at det skulle lagast ein plan om temaet familie- og barnefattigdom. Ansvarlege politikarar seier at den planen som blir laga i løpet av inneverande år, er ein plan som skal gjennomførast. Med andre ord så er det ikkje ein plan som skal leggast i ein skuff så snart den er laga.

Så kan vi stille spørsmålet; kvifor har det ikkje blitt sett i verk tiltak tidlegare for å beskytte born i verdas rikaste land. Vi har kjent utfordringa – også i Eid. Du treng ikkje vere rakettforskar for å forstå at skilnadane mellom fattig og rik er openberre på mange felt. Heller ikkje at fleire barn føler seg utanfor som ei følgje av dårleg økonomi. Høg sosioøkonomisk status betyr meir deltaking i aktivitetar der barn og ungdom møtest. Låg status kan føre til isolasjon og utanforskap. Nettopp difor er det viktig at dette temaet blir sett høgt på den politiske dagsorden. Rikspolitikarane kjenner utfordringane, difor er det underleg at barnetrygda ikkje har blitt justert opp. Politikarane i Stad skal ha ros for at ein no tek tak, sjølv om det er i seinaste laget.