Cats på Nordfjordeid

Opnar dørene igjen

Snart opnar Cats igjen dørene. Denne gong som kafé på dagtid og restaurant på kveldstid.

CATS: I oktober stengde Cats dørene, og no i januar opnast dørene på ny. Denne gong med dei nye drivarane Murat Narci (t.v.), Fahrettin Narci (t.h.) og Tove Narci (ikkje til stades på bilde).   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

I oktober 2019 stengde Meow AS dørene på Cats, etter at dei tok over drifta i slutten av mai same år. No har Cats fått nye drivarar, og i løpet av januar skal dei etter planen opne dørene på ny.