Fleire fekk åtvaring og gebyr

Under kontrollen ved Kjøs måndag kveld og natt kontrollerte Statens vegvesen 39 køyretøy. Fleire av desse hadde manglar og feil.

KONTROLL: Fleire sjåførar fekk gebyr og bruksforbod under kontrollen ved Kjøs.   Foto: ARKIV

Nyhende

Måndag kveld og natt var Statens vegvesen på plass på Kjøs der dei totalt kontrollerte 39 køyretøy. Det var totalt 68 køyretøy inne på kontrollplassen.

Ifølgje Statens vegvesen fekk seks sjåførar åtvaring for mindre brot på køyre og kviletida. I tillegg fekk seks sjåførar gebyr for å ikkje ha med seg vognkort under køyring. Ein sjåfør fekk også eit gebyr på 2400 kroner for mangel på to kjettingar.

Ein sjåfør måtte korte inn vogntoget til lovleg lengde før vidare køyring, og to sjåførar måtte sikre lasta betre før dei fekk køyre vidare frå kontrollplassen.

Under kontrollen fekk ein sjåfør bruksforbod grunna mangel på leigeavtale på bilen. Sjåføren må skaffe dette før vidare bruk.

I tillegg måtte ein sjåfør rydde i frontruta før vidare køyring, medan to andre køyretøy hadde tekniske manglar og må ha etterkontroll på seinare tidspunkt.

Under kontrollen på Kjøs vart alle køyretøya kontrollert for dekk og kjetting, og ifølgje Statens vegvesen vart det ikkje funne fleire feil eller manglar.