Eid og Stryn har auka mest i prosent fattige sidan 2005

58 fleire fattige i Eid

I 2005 var det 213 personar i Eid som levde under fattigdomsgrensa. I 2018 var det 271 personar. Berre Stryn har auka meir i fattigdom når det gjeld tidlegare kommunar i Nordfjord.

271 personar i Eid kommune blei i 2018 definert med ei inntekt under fattigdomsgrensa. Det er 58 fleire enn i 2005. Fattigdomen i Eid har auka meir enn i Sogn og Fjordane dei siste tretten åra, og ligg berre 0,3 prosent bak auken i heile landet. 

Nyhende

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser kor stor prosent av befolkninga som lever under fattigdomsgrensa. Her definert med ei inntekt under 50 prosent av medianinntekta. For Eid kommune utgjorde det 4,6 prosent i 2018, ein auke på 0,6 prosent sidan 2005. Berre Stryn kommune hadde større auke i talet på fattige i løpet av desse tretten åra. Der fattigdomen i Stryn auka med 0,7 prosent.

Månadsløn på 20.000 kroner

Medianinntekta i Norge ligg på ei månadsløn på 41.245 kroner. Femti prosent av dette utgjer 20.652 kroner. Fattigdom blir her definert med ei inntekt på denne summen, eller under. Det betyr at 271 personar i Eid må klare seg på så lite pengar kvar månad.

Betre i fem kommunar

Medan talet på fattige har auka i Eid og Stryn, har det blitt færre under fattigdomsgrensa i dei fem andre kommunane som før nyttår utgjorde Nordfjord.Bra i Hornindal

Best ut i Nordfjord per 2018 kom Hornindal, der berre 2,6 prosent levde under fattigdomsgrensa. Situasjonen er også med dei betre i Vågsøy, med 3,3 prosent fattige. Bremanger og Gloppen ligg midt på treet med høvesvis 4,5 og 4,2 prosent under fattigdomsgrensa i 2018.

Årdal på topp i landet

Ikkje mange kommunar i landet kjem under 2 prosent fattige innbyggjarar. Her scorar Årdal i Sogn høgt, der berre 1,7 prosent blir definert under fattigdomsgrensa. Men ser ein på Sogn og Fjordane samla kjem Hornindal her totalt på ein plass nummer to, med 2,6 prosent under fattigdomsgrensa.

Talet på fattige i Eid har auka meir enn Sogn og Fjordane samla sidan 2005. Talet for det tidlegare fylket er 4,2 prosent fattige i 2005 og 4,3 prosent fattige i 2018. Det betyr at Eid har auka med 0,5 prosent meir enn fylket totalt.

Auken i Hordaland er på 0,8 prosent frå 2005 til 2019.

Når det gjeld komunar i Sogn og Fjordane er det vanskeleg å sjå noko mønster for auken. Meir urbane kommunar aukar ikkje mest, nokre små kommunar aukar lite, medan andre mindre kommunar aukar meir.


Komm. 2005 2018

Stryn 4,2 % 4,9 % + 0,7%

Eid 4,0% 4,6% +0,6%

Gloppen 4,3% 4,2% –0,1%

Selje 5,0% 4,8% –0,2%

Hornind. 3,3% 2,6% –0,7%

Bremang. 5,4% 4,5% –0,9%

Vågsøy 4,2% 3,3% –0,9%

Prosent som lever under fattigdomsgrensa, kommunar i Nordfjord 2018

1. Stryn 4,9 prosent

2. Selje 4,8 prosent

3. Eid 4,6 prosent

4. Bremanger 4,5 prosent

5. Gloppen 4,2 prosent

6. Vågsøy 3,3 prosent

7. Hornindal 2,6 prosent

Ti beste kommunane i Sogn og Fjordane:

1. Årdal 1,7 prosent

2. Hornindal 2,6 prosent

3. Lærdal 3,1 prosent

4. Vågsøy 3,3 prosent

4. Gaular 3,4 prosent

5. Førde 3,4 prosent

6. Leikanger 3,5 prosent

7. Gaular 3,7 prosent

8. Luster 4,1 prosent

9. Høyanger 4,3 prosent

10. Askvoll 4,5 prosent

10. Bremanger 4,5 prosent

(Artikkelen er basert på EU-skala, 50 prosent under median inntekt. Studenthushaldningar og åleinebuande barn under 18 år er ikkje teke med). Kjelde: SSB