Åge Solheim i Nor-Am Cup

14.-plass etter første omgang

Åge Solheim køyrde storslalåm i USA måndag, og etter første omgang låg han som nummer 14.

Åge Solheim køyrer for tida Nor-Am Cup i USA.   Foto: privat

Nyhende

Åge Solheim (Haugen IL) køyrer for tida Nor-Am Cup i USA. Søndag køyrde han inn til 13.-plass i storslalåm då Nor-Am Cup gjekk av stabelen i Burke Mountain.


Sterkt resultat i Nor-Am Cup

Åge Solheim køyrde inn til 13.-plass i storslalåm då Nor-Am Cup gjekk av stabelen i Burke Mountain.


Måndag 6. januar var det klart for storslalåm i Stowe Mountain Resort/Spruce Peak. Alpinisten køyrde i første omgang i mål på tida 59.20. Det heldt til ein god 14.-plass i Nor-Am Cup rennet, som kan samanliknast med Europacup, nivået under verdscup. Dette var nest best av dei norske alpinistane. Med det låg Åge an til ei god plassering, men i andre og siste omgang køyrde han ut. Det var Bastian Meisen frå Tyskland som vann rennet.