Sterkt resultat i Nor-Am Cup

Åge Solheim køyrde inn til 13.-plass i storslalåm då Nor-Am Cup gjekk av stabelen i Burke Mountain.

Åge Solheim var i aksjon i USA i helga. Då køyrde han inn til 13.-plass i Nor-Am Cup.   Foto: Privat

Nyhende

Åge Solheim (Haugen IL) starta 2020 med å køyre inn til ein flott 13.-plass i Nor-Am Cup i Burke Mountain, USA. Cupen kan samanliknast med Europacup, som er nivået under verdscup.

Det var søndag 5. januar under storslalåm at alpinisten frå Haugen IL køyrde inn til 13.-plassen. I første omgang kom alpinisten i mål på tida 40.39, før han i finaleomgangen kom i mål på tida 43.28. I mål var Åge totalt 1.39 bak Bastian Meisen frå Tyskland, som tok førsteplassen.