Stad lensmannskontor på Nordfjordeid

– Etableringa av Vestland fylke har ingen praktisk betydning for politiet eller vårt arbeid i Sogn og Fjordane. Politiet hadde i forkant organisert seg i Vest politidistrikt. Det opplyser politiinspektør Arne Johannessen i ei pressemelding.
Nyhende

Johannessen er leiar for geografisk driftseining (GDE) Sogn og Fjordane.

Namnet GDE Sogn og Fjordane vert også vidareført, for sjølv om ikkje Sogn og Fjordane er eit eige fylke, er det eit geografisk område som framleis består av Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Namneendringar

Når det gjeld namneendringar og praktiske endringar så er det frå 1.januar 2020 ein del lensmannskontor/politistasjon som får nytt namn.

Florø politistasjon (tidlegare Flora), som no er ein del av Kinn kommune

Måløy lensmannskontor (tidlegare Vågsøy lensmannskontor) er også ein del av Kinn kommune.

Felles politiråd i Kinn

Denne kommunesamanslåinga har ingen betydning for politiarbeidet eller vaktordninga, framleis tilhøyrer Florø politistasjon Sunnfjord lensmannsdistrikt og Måløy lensmannskontor Nordfjord lensmannsdistrikt.

Det førebyggjande arbeidet vert også vidareført med to politikontaktar, ein for Florø og ein for Måløy. Men det vert eit felles politiråd som begge politikontaktane og begge tenestestadleiarane møter i.

Namnsmann også for heile Kinn

For sivil rettspleie får kommunesamanslåinga betydning. Det er namsmannen/lensmannen i Nordfjord som er ansvarleg namsmann for heile Kinn kommune, det vert også eit felles forliksråd for Kinn.

Namneendringar

Stryn lensmannskontor – tidlegare Stryn og Hornindal.

Stad lensmannskontor – tidlegare Eid lensmannskontor (ansvar for nye Stad kommune)

Førde lensmannskontor – tidlegare Førde og Naustdal lensmannskontor.

Førde lensmannskontor har ansvaret for Sunnfjord kommune både i høve til politioppgåver og sivilrettslege oppgåver.

Sogndal lensmannskontor – tidlegare Sogndal og Leikanger. Sogndal lensmannskontor har ansvaret for Sogndal kommune og Luster kommune.

Balestrand vil framleis tilhøyra Sunnfjord lensmannsdistrikt v/Høyanger lensmannskontor når det gjeld politioppgåver/vakt- og beredskap.

Politikontakten i Høyanger vil også vera politikontakt for Balestrand, men Balestrand tilhøyrer Sogndal/Luster politiråd. Det betyr at politikontakten for Balestrand, Luster og Sogndal møter i politirådet i lag med tenestestadsleiaren i Sogndal (3 politikontaktar).

Sivil rettspleie inkludert forliksråd for Balestrand vert utført frå Sogndal lensmannskontor.