Internasjonal Nyttårskafé

Kvar torsdag arrangerer Røde Kors omsorg Internasjonal Kafé i Eid Frivilligsentral sine lokale – Kringla. Sist torsdag var det Internasjonal Nyttårsfest.

Populært: 33 personar frå svært mange ulike land møtte på då Røde Kors Omsorg inviterte til Internasjonal nyttårskafé sist torsdag. God mat og godt selskap. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Vanlegvis er det mest unge innvandrarar som nyttar seg av tilbodet på torsdagane. Dei to timane kafeen er open blir det servert kaffi, te, kjeks og frukt. Ungdomane spelar brettspel, eller berre nyttar tida til å slå av ein prat om likt og ulikt. Sist torsdag var det litt annleis, då var det dekka til Internasjonal Nyttårsfest, med varm mat som Nordfjordeid Sanitetsforeining hadde tatt seg av. Totalt møtte det opp 33 personar.