Varaordførar i Stad kommune Siri Sandvik (Ap):

–No får eg brukt nettverket mitt

– Det første oppdraget eg har fått som varaordførar i Stad kommune, er saman med kommunedirektør Åslaug Krogsæter, å snakke om tillit og lokaldemokrati på eit arrangement i Kommunaldepartementet sin regi.

Første dag: Det er fleire ting eg ser at eg kan jobbe med når eg no startar i jobben som varaordførar i 50 prosent stilling. Ein viktige ting er å gjere ein best mogleg jobb som ombodskvinne for innbyggarane i Stad kommune. I tillegg er det viktig å nytte det nettverket eg har for å marknadsføre Stad på ein god måte opp mot Vestland fylke, seier Siri Sandvik (Ap). Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det seier Siri Sandvik som i dag har sin første dag på jobben som varaordførar i Stad kommune. I motsetnad til tidlegare, der varaordføraren var i 12 prosent stilling, er no stillingsprosenten heva til 50 prosent stilling.