– Feilen vil bli retta opp

Det er feil bakgrunnsfarge på kommunevåpenet som pryder vegskilt på grensa inn til nye Stad kommune. Even Hjelle i Statens vegvesen lovar at feilen vil bli retta opp.

FEIL: Vegskilta som er sett opp ved inngangen til nye Stad kommune har kommunevåpen med blå farge, ikkje turkis, slik det er bestemt at det skal vere. Arkivfoto: Inger Træen 

Nyhende

På skilt som Statens vegvesen har sett opp er det standard blåfarge i bakgrunnen og kvite bokstavar og motiv, men det skulle ha vore turkis som bakgrunnsfarge på kommunevåpenet til Stad, slik det er på skiltet som no heng på tidlegare Eid rådhus. På vegskiltet som viser Vestland, er det den blå standardfargen som er riktig farge også på kommunevåpenet.