Krasj ved avkøyrsle

Lause delar vart plukka av før bilen vart frakta vekk. 

Nyhende

I dag i 12-tida var to personbilar involverte i eit trafikkuhell på E39/Rv15 på Alsaker, to-tre kilometer frå Nordfjordeid. Det er ikkje meldt om personskade. Begge bilane kom køyrande frå vest. Uhellet skjedde i det den fremste bilen svinga av mot venstre, for å ta av inn på ein gardsveg, samstundes som bilen bak tok ei forbikøyring. Det vart stor skade i fronten på den bilen som svinga av, medan det såg ut til å vere mindre skade på bilen som foretok forbikøyring.