Trafikkulukke på Stårheim

Bil køyrde av vegen

Naudetatane rykte laurdag ut til ei trafikkulukke på Stårheim der fire personar var involvert.

Laurdag rett etter klokka 12 køyrde ein bil av vegen på Stårheim.   Foto: Arkiv

Nyhende

Ein bil med fire personar skal ha køyrt av vegen på RV 15 ved Stårheim, skriv politiet på Twitter. Ulukka skal ha skjedd rett etter klokka 12 laurdag. Naudetatane har rykt ut til staden, og ifølgje politiet er ambulansen på plass.

Det skal vere større skade på bilen, og politiet melde også at to personar er skadde, men ingen skal vere alvorleg skadd. Ifølgje politiet er alle oppegåande og bevisste.

Trafikken går greitt på staden melde politiet.