Stort felleskor for Eid mannskor

Eid mannskor held konsert i Volda kyrkje søndag saman med to andre kor.

Tre kor samla: Eid mannskor held konsert i Volda kyrkje saman med to andre kor. foto: privat 

Nyhende

Det er dei tre kora som Øyvind Lied dirigerer som held konsert saman; Eid mannskor, Ervingen blandakor og Volda blandakor. Dei inviterer til flott adventskonsert i Volda kyrkje førstkomande søndag 15. desember. Ralph Cupper frå Eid er organist.

Onsdag var siste fellesøving i nokre intense timar i Volda kyrkje og no berre gler dei tre kora seg til søndag. Dei lovar eit variert repertoar med både kjende og nye julesongar, der alle kora både skal synge åleine og saman.

Dette er andre gong dei tre kora til Øyvind Lied har konsertar saman. Det er alltid god stemning når dei øver, og dei gler seg til kvar gong dei skal vera saman

No vonar dei at mange tek turen til Volda kyrkje søndagskvelden.