Årets kommuneprofil

Stolt og glad vinnar

Det var ein stolt og litt pinleg berørt ordførar Alfred Bjørlo som vart heidra som Årets kommuneprofil i morgontimane torsdag.

Vinnar: Ordførar Alfred Bjørlo i Eid er Årets kommuneprofil 2019, og fekk overrekte prisen av Britt Sofie Hestvik, ansvarleg redaktør/adm.dir. i Kommunal Rapport. alle foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes 

Det er gledeleg å treffe politikarar som får gjennomslag langt utanfor kommunegrensa.

Nyhende

Det er Kommunal Rapport som står bak prisen, og dei var på plass på Eid rådhus for prisutdeling og heidring av Årets kommuneprofil.