Uteområde på Stårheim skule

Snart i mål med aktivitetspark

– Eg gler meg mest til trampolinane. Det blir morosamt, seier nestleiar i elevrådet på Stårheim skule, Amalie Lien Botn. Leiar Joakim Løvlid Strand gler seg aller mest til å ta i bruk klatregloben, men ser også fram til å prøve tennis.

GLER SEG: Rektor og elevrådet gler seg til det store, oppgraderte uteområdet sør for skulen kan takast i bruk: F.v.: Torgrim Stegane, Aron Starheim Aahjem, Emma Kristin Myrold, Eline Lundmoen, Amalie Lien Botn, Joakim Løvlid Strand og rektor Gro Iren Nedreberg. 

Det gjekk litt sakte i starten, men sidan 2017 har det vore god driv.

Nyhende

I mange år har grusbana på Stårheim skule vore lite brukt og har grodd til meir og meir. I fjor måtte dei til å slå graset som vaks der. Til sommaren blir det ein heilt anna kvardag på den store skuleplassen som vender ned mot riksvegen.