Din Bustad Eigedom AS teiknar

Samspelsavtale med HS Bygg

Din Bustad Eigedom AS har inngått samspelsavtale med HS Bygg med formål å byggje om lag 60 leilegheiter i Lunden midt i Eid sentrum.

Landemerke: Din Bustad Eigedom AS har inngått kontrakt med HS Bygg som entreprenør for utbygging av opp mot 60 bueiningar i Lunden. I løpet av dei neste seks månadane skal entreprenør, HS Bygg, rådgjevarar og byggherre, Din Bustad Eigedom AS utvikle eit salsklart stort bustadprosjekt i Lunden på Nordfjordeid. Her er både byggherre, representant for rådgjevaren, og entreprenøren på plass I Lunden. Frå høgre: Knut Løvdal Stauri, dagleg leiar HS Bygg, Tor Egil Meland, rådgjevar Ose AS, Halvdan Faleide, styreleiar Din Bustad Eigedom AS, og Vegard Meland, dagleg leiar i Din Bustad Eigedom AS. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

–Prosjektet er nytt og spanande i Nordfjord-målestokk fordi vi skal byggje blokker opptil 29 meter. Volumskissene er teikna av den kjente arkitekten Todd Saunders, seier Vegard Meland, dagleg leiar i Din Bustad Eigedom AS.