Klart for opning

Harpefossen skisenter opnar sesongen laurdag 14. desember.

Laurdag vert heisen opna på Harpefossen.   Foto: Privat

Etter ei periode med dårleg vêr, vert det minusgrader på Harpefossen den komande tida.   Foto: Privat

Nyhende

Det har vore ein del vind, regn og plussgrader den siste tida. No har vêret snudd, og det er melde minusgrader på Harpefossen den komande veka.

Den siste tida har Harpefossen vore i full gong med å gjere klart løypene og heisen på Furehogane. Bilda viser at det er ein god del snø i bakken, og laurdag opnar skisenteret heisen. Enn så lenge har dei gjort klart til mast nummer ni på Furehogane.