Felles Røde Kors-øving på Bryggja

Leita etter sakna

I regi av Eid Røde Kors hjelpekorps vart det søndag gjennomført ei øving saman med Vågsøy, Selje og Vanylven.

ØVING: Til saman 14 personar frå hjelpekorpsa i Eid, Vågsøy, Selje og Vanylven var med på øvinga, som handla om å leite etter ein sakna person. Foto: Eid Røde Kors hjelpekorps 

Å øve saman er noko vi vil gjere meir av i framtida

Nyhende

– Kommunegrenser har ikkje betydning når det gjeld å setje i gang søk og redningsaksjonar. Å øve saman er noko vi vil gjere meir av i framtida for å styrke beredskapen ytterlegare. Vi blir betre kjende og kvaliteten på øvinga aukar når ein er fleire. Det seier korpsleiar i Røde Kors i Eid, Jakob Haavik.