No kjem regnet

Stor fare for snøskred

Som følgje av stor temperaturendring og mykje regn dei komande dagane er det sendt ut raudt farevarsel for snøskred i Nordfjord.

Vêrskifte: Etter ei lang periode med kuldegrader og snø vert det no eit stort vêrskifte. Dei neste dagane er det melde store nedbørsmengder, noko som gjer at det er sendt ut raudt farevarsel for snøskred i Indre Fjordane og utfordrande forhold.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Etter ei lang periode med kulde og snø vert det no varmegrader og regn den komande veka. Tysdag er det ifølgje Yr melde heile sju grader og store nedbørsmengder på rundt 7.8 mm. Onsdag ser det ut til at temperaturen vert rundt seks grader og regn. Torsdag og fredag kan det bli opp mot åtte grader i området og det vert truleg store nedbørsmengder på rundt seks til åtte mm. Til helga og dei første dagane neste veke ser det ut til at det kan bli nokre grader kaldare og i tillegg ein del mindre nedbørsmengder. Dette er noko usikkert per dags dato, ifølgje Yr.

Raudt varsel

Grunna stor temperaturstiging og mykje nedbør i form av regn til fjelltopphøgde dei komande dagane, er det ifølgje NVE stor snøskredfare i områda rundt Nordfjord og Indre Fjordane. Det er difor sendt ut raudt farevarsel for stor snøskredfare i områda rundt og i Nordfjord. Nordfjordeid er på denne lista. Spesielt tysdag 3. desember er det stor skredfare ifølgje NVE, ettersom skredfaren vert vurdert til fire på skalaen og raudt varsel. Skredfaren vil vere høgst når snødekket vert vått. Tysdag er det sannsynleg med naturleg utløyste snøskred i fleire område i Nordfjord. Desse kan losne både som flakskred (våt snø) eller laussnøskred (nysnø). NVE oppmodar difor alle om å halde seg unna skredterreng som er brattare enn 30 grader og soner som er utløpssoner for skred.

Glatte vegar og snøskred

Ifølgje NVE kan også nokre vegar vere utsett for skredfare i områda i Nordfjord. For dei som skal ut på tur til Sunnfjord er der mindre snø, og skredfaren vert vurdert til tre på skalaen.

I tillegg til snøskredfare, har både politi og Statens vegvesen melde om krevjande forhold og glatte vegar rundt om i Sogn og Fjordane dei siste dagane. Berre i Nordfjord har det i helga vore fleire ulukker på vegane. Måndag sende også Meteorologisk institutt ut gult varsel for underkjølt regn som frys på bakken i heile Norge, minus Finnmark. Det er difor venta svært utfordrande forhold måndag kveld og tysdag.

Regn på Harpefossen

Det er melde om store nedbørsmengde i fjellet. Dette gjeld også for Harpefossen Skisenter, der det er spesielt stor snøskredfare tysdag. Ifølgje Yr kan det kome opp mot 9.9 mm regn tysdag, men til helga kan det bli kaldare igjen.