Honningsvåg i Selje

Nytt nei til bygging

Fylkesmannen i Vestland påklaga Selje kommune sin snuoperasjon om å gi eit ungt par dispensasjon til frådeling av bustadtomt i Honningsvåg. No har Fylkesmannen i Rogaland sett på saka, og gjer om til eit byggjenei.

Honningsvåg, Stadlandet: Fylkesmannen i Vestland har klaga på Selje kommune si avgjerd om å byggje hus i strandlinja i Honningsvåg. No gjer Fylkesmannen i Rogaland om kommunen sitt vedtak.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Då Selje formannskap handsama saka i april viste lokalpolitikarane til at Selje kommune med sin geografi, topografi og nasjonale føringar for vern av strandsone gjer det svært vanskeleg å ta i bruk areal som kommunen har som fortrinn til bustadformål.