Formannskapet i Stad

Budsjettinnstillinga til kommunestyret klar

Torsdag kveld vart budsjettinnstillinga til Stad kommunestyre ferdig handsama av Formannskapet i den nye kommunen.

Strategien: Her blir fleirtalsgruppa i formannskapet einige om kva framlegg dei kjem til å røyste for i årsbudsjettsaka lagt. Frå venstre: Marilyn Osmundsvåg (V) (vara for Siri Sandvik (Ap), ordførar Alfred Bjørlo (V), Gunnar Silden (V) og Wanja Kristin Lien (H). 

Nyhende

Dei økonomiske realitetane før årets budsjetthandsaming starta i utgangspunktet med eit innsparingsbehov på 27,7 millionar kroner. I balansert budsjett, som kommunedirektøren la fram den 7. november, var inntektene auka med 8,8 millionar kroner, konkrete innsparingstiltak innanfor dei fem rammeområda utgjorde 6,4 millionar kroner. Fordelt på sentraladministrasjon med 1,5 millionar kroner, Oppvekst og opplæring ingen kutt, Helse og omsorg 1,3 millionar kroner, Areal og eigedom 1,6 millionar kroner og Kultur og samfunn 2,0 millionar kroner. Totalt utgjer endringar og tiltak 15,2 millionar kroner, som betyr ein resterande ubalanse på 12,559 millionar kroner er fordelt på rammeområda ut frå storleik på budsjett. Innsparingskravet for dei ulike rammeområda, i tillegg til allereie føreslåtte tiltak blei då: Sentraladministrasjonen 1,62 millionar, Oppvekst og opplæring 4,312 millionar, Helse og omsorg 5,0 millionar, Areal og eigedom 962.000 kroner, Kultur og samfunn 1,048 millionar og redusert tilskot til Stad kyrkjelege fellesråd med 175.000 kroner. I tillegg til ei liste på 15 punkt frå kommunedirektøren var det dette formannskapet skulle setje sitt stempel på – eller ikkje.