Spytta og sparka

Nyhende

Politiet melder at ein 21 år gammal nordfjordring vart sett i varetekt på Nordfjordeid etter forulemping og vald mot politiet. Han ville ikkje gjere slik som politiet sa, men sette seg til motverge, spytta og sparka.

Politiet opplyser at vedkomande var berusa, utagerende og lite samarbeidsvillig. Hendinga skjedde i halvfiretida i natt i Måløy.

Politioverbetjent Kurt Hamre opplyser at vedkomande vil bli anmeld for vald mot offentleg tenestemann.