Jul i stallen på folkehøgskulen

Mange aktivitetar og fartsfylt juleshow

Fjordane Folkehøgskule inviterer denne helga til Jul i Stallen, der dei presenterer ei spennande, sjølvlaga julehistorie. Her får du sjå både vikingar, sirkusartistar og hestar i aksjon.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det er no sjuande året folkehøgskulen inviterer til ei førjulshending der store og små får gode opplevingar i møte med elevane. I år går delar av overskotet til Linn Hjelle sitt hjelpeprosjekt, som er å bygge eit hus til 21 foreldrelause gutar på Filippinene.