Lesarinnlegg

-Handlar om noko meir enn berre ein lokal kamp for eit fjell

Okla vindkraftverk – ei viktig avgjerd for naturens rettsvern
Nyhende

Ei viktig forvaltings-avgjerd står på agendaen hjå sentrale styringsorgan i nær framtid. Lagnaden til Okla vindkraftverk på Stadlandet skal snarleg avgjerast av OED, etter oppmoding om ny gjennomgang av konsesjonsgrunnlaget frå 2013. Saka kan gje viktige signal kring stoda til naturens rettsvern i Noreg i dag.

Konsesjonen vart gitt i ei tid der fokuset på energibehov var større enn merksemda på kostnadane for naturverdiar. Det tyder på at Energilova har hatt forrang framfor Naturmangfaldlova. I dag ser vi skadeverknadane dette medfører for natur og miljø. Norske styresmakter har godkjent bygging av over 80 vindkraftverk, utan at det finnast ei oversikt over dei samla konsekvensane for natur og biologisk mangfald. Det finnast ikkje ei detaljert oversikt over myr- og kystlynghei som vert råka av vindkraftverk, seier Arne Olsen, seksjonssjef for vindkraft i NVE (Dag og Tid, nr. 47, 2019). Det er grunn til å stille spørsmål ved om dette er ei kunnskapsbasert forvalting som tek vare på natur og miljø?

Kvifor er Okla-saka viktig? Saka om Okla vindkraftverk handlar om noko meir enn berre ein lokal kamp for eit fjell. Nettopp difor er saka så viktig. Det handlar om det som går tapt av unik naturarv og kulturhistorie. Men det handlar også om korleis sentrale styringsorgan verdset landskap, naturmangfald og artsrikdom. Det handlar om kva som vert rettferdiggjort i konsesjonsprosessar i statlege forvaltningsorgan. Om vår tillit til rettmessige demokratiske prosessar i saker som omhandlar natur av nasjonal tyding, og om praktisering av lovverk og internasjonale konvensjonar knytt til vern av landskap, natur og miljø. Ikkje minst handlar det om å fornye tapt tillit, ved å trekkje ein konsesjon som er gitt på feil kunnskapsgrunnlag.

Kva verdiar står på spel i Okla-saka? Konsesjonsområdet for «Okla» er prioritert som kystnatur av høg nasjonal verdi. Området er eit særeige fjellandskap, som ber preg av platårestar av urgamalt sletteland. Granskingar tyder på nunatakområde; som vil seie at området var isfritt under siste istid. Både berggrunn, jordsmonn og planteliv er såleis av stor interesse, og særmerka av ein sjeldan artsrikdom. Okla vindkraftverk vil hamne i høgste konfliktvurdering med nasjonale mål knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø (NVE, 2013). Utbyggingsområdet har store verdiar knytt til naturtypar, ei rekkje raudlisteartar, hekkande og trekkande fugl og ligg tett inntil freda naturreservat (NVE, 2013). Området er eit INON område (inngrepsfritt, samanhengande naturområde) som må verdsetjast høgt i høve nasjonale miljømål og internasjonale avtalar (NOF, 2019). Utifrå kunnskapsgrunnlaget allereie attende til 2013, er det uforståeleg at konsesjonen vart gitt! I tillegg har mykje ny dokumentasjon kome til; gjeldande landskap, artsrikdom, fugletrekk og andre konsekvensar. Fleire høyringsinstansar kom med fyldige motsegner og gjekk imot konsesjon, utan at dette vart teke omsyn til i konsesjonsvurderinga. Vitskaplege arbeid vart forkasta, mellom anna ornitologiske rapportar frå sterke fagmiljø, trass i at området har trekkruter for ei rekkje raudlista fugleartar. Rapportar som meir kunne rettferdiggjere gjennomslag for konsesjon, vart i staden nytta. Til dels må desse rapportane sjåast på som overflatiske og usannferdige samanlikna med anna tilgjengeleg dokumentasjonsgrunnlag. Det kan synast som konsesjonsgrunnlaget for «Okla» fyrst og fremst vert rettferdiggjort utifrå ein industriell verdiorden. At teknisk effektivitet og talfesta rasjonalitet skal ha forrang i vurderingsgrunnlaget gjeldande nett dette aktuelle terrenget, vert opplevd som ute av proporsjonar. Kva seier dette om verdsetjing av unike natur- og landskapsverdiar?

Omgjering av konsesjonsvedtaket for Okla-anlegget handlar om å vise vyrdnad for det som går tapt. Ei industriutbygging her vil medføre ugjenkallelege øydeleggingar i eit eineståande landskap for all framtid. Vitskap, kunnskapsbasering og demokratiske prosessar er verdsette ideal i Noreg. Også for statleg forvalting. Eit svært fyldig dokumentasjonsgrunnlag viser at konsesjonen til Okla vindkraftverk er gitt på feil grunnlag. Saka har difor ei særskilt tyding i høve til om NVE og OED føretek ei rettmessig ny vurdering utifrå eit korrekt faktagrunnlag. Omgjering av Okla-konsesjonen er eit høve for NVE og OED til å gje retningsgjevande signal, som syner tydinga av å vere etterretteleg i kunnskapsgrunnlaget ved framtidige utbyggingsprosjekt. Ein refleksiv gjennomgang der konsesjonen vert omgjort, vil òg vise at NVE og OED utviklar seg i tråd med samfunnet, og at dei har evne og kunnskap til å setje naturen fyrst.

Motstanden mot eit prosjekt som «Okla» er ikkje fundert på mangel på miljømedvit. Folk flest har kunnskap om klimapolitiske prioriteringar og erkjenner behovet for utbygging av fornybar energi. Men, ikkje alle stadar er eigna for utbygging av vindindustri. Stadtfjellet, der «Okla» har blitt gitt konsesjon, er ein slik stad. Tapet for landskap, dyreliv, natur og miljø vert større enn klimagevinsten. Det må vere landskapets kvalitetar, naturmangfald og artsrikdomen som avgjer om konsesjon til vindkraftutbygging skal gjevast. Konsekvensar for natur og biologisk mangfald må telje tyngst. Ei realisering av «Okla» vil stride mot lovverk og internasjonale konvensjonar som bør ha prioritet hjå styresmaktene, som døme Naturmangfaldlova (2009), som skal styrke gjennomføringa av Noregs internasjonale miljøforpliktingar i Konvensjonen om biologisk mangfald (1993). Den europeiske landskapskonvensjonen (2004), som forpliktar oss til å ivareta landskapsverdiane. Endring av arealbruk er den største trusselen mot artsrikdomen på jorda (FN, 2019). Urørt natur er i ferd med å verte mangelvare. Det er difor ikkje god politikk å gjere eit urørt naturområde av nasjonal tyding, slik som Stadtplatået, om til industri.

Det står att å sjå kva utfallet av «Okla-saka» vert. Det vi kan slå fast i påvente av avgjerd, er at saka vil gje eit viktig signal frå sentrale styresmakter; gjeldande framtida- og rettsstatusen til sårbare, unike og urørte naturlandskap i Noreg.