Hamna i autovernet på Naustdalstranda

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Ein bilførar i 20-årsalderen mista kontrollen over bilen og hamna i autovernet på Rv 15 ved tømmerkaia på Naustdal i Eid i natt. Vedkomande var på veg i vestleg retning, kom over på feil side, møtte autovernet i motsett køyreretning, men hamna ikkje utfor vegen. Det er ikkje meldt om personskade.

Det var snøfrie hjulspor, men elles slaps i vegbanen då uhellet skjedde.

Ein skal køyre og tilpasse farta etter forholda.

Politioverbetjent Kurt Hamre opplyser at bilførar vert anmeldt fordi dei meiner at han ikkje har køyrt tilstrekkeleg aktsamt.