Du kan bli julegåvelurt

Nyhende

No i desse travle førjulstider er det forskjellige variantar av lureri ute og går, og det er lett i farta å klikke på noko som ein ikkje bør. Til dømes er det mange som får pakkar i posten, men denne meldinga som ein av våre lesarar fekk, må du ikkje la deg lure av.

Her står det at julegåvene dine har kome til postkontoret, men du må betale portoavgift. Du blir oppmoda om å klikke på ei lenkje, men det bør du ikkje gjere. Det er ikkje Posten som står bak denne meldinga, men truleg nokon som gjerne vil ha dine kontoopplysningar.