Laura Marie og Magnus fekk Frivilligprisen 2019

Laura Marie og Magnus Fure frå Selje fekk i dag tildelt Frivilligprisen 2019. Det var Nordfjord prostiråd v/prost og prostirådsleiar som delte ut prisen under Kyrkjedag for Nordfjord. 

Nyhende

I dag arrangerte Nordfjord prostiråd Kyrkjedag for Nordfjord saman med Bjørgvin bispedøme.

Dette var også første del av kursinga som bispedømet held for nyvalde sokneråd, og om lag 110 personar frå heile prostiet hadde meldt seg på til samlinga.

Dagen starta med gudsteneste Eid kyrkje. Deretter var det samling på Eid Kyrkjetun der deltakarane  fekk eit svært interessant føredrag av biskop Halvor Nordhaug.

Anna kvart år har Nordfjord prostiråd delt ut ein frillvilligpris til ein person eller ektepar som har utmerka seg i det frivillige kristne arbeidet, både i det kristne organisasjonsarbeidet og i kyrkjelydsarbeidet.

Både einskildpersonar, organisasjonar og sokneråd kan nominere kandidatar. Valnemnda er Nordfjord prostiråd. Prisen er eit vakkert kunstmåleri av kunstnaren Kjell Stig Amdam med tittelen «Den gode hyrde».

Frivilligprisen 2019 gjekk til Laura Marie og Magnus Fure frå Selje. Det var Nordfjord prostiråd v/prost og prostirådsleiar som delte ut prisen.

Her er prost Rolf Schanke Eikum sin tale i samband med utdelinga av prisen:


«Frivilligprisen, Nordfjord prosti  2019: (Laura Marie og Magnus Fure).

Frivilligprisen for 2019 går til eit ektepar. Begge hadde sin skulestart i søndagsskulen og har støtta søndagsskulearbeidet på ulikt vis også i vaksenlivet. Han har m.a.  ein periode i krinstyret i søndagsskulen. Vidare har han vore medlem og leiar i soknerådet, vore med i krinsstyret for Nordfjord Indremison/Normisjonen,  vore leiar og kasserar for det lokale bedehusstyret  i om lag 27 år, frå midten av 80 talet til 2012,

Ho har hatt èin 16 års periode i soknerådet frå 1966 til 1981, i tillegg til fleire dobbelperiodar etter den tid, dei fleste åra som leiar. Ei periode på 60-talet, utan kyrkjeverje og prest, var ho i praksis fungerande kyrkjeverje på frivillig basis og måtte organisere  gravferd m.m. Ho har også vore leiar i NMS-foreininga frå 70-talet  til den gjekk inn grunna manglande rekruttering. Slik og  i Santalmisjonsforeininga. Ho har vore to periodar i krinsstyret  i Sogn og Fjordane for Normisjon, dei fleste åra som leiar.

Ho har gjeve ut eit hefte om kyrkjesoga til heimkyrkja og er glad i å skrive.

Begge har vore redaktørar og ansvarleg for Kyrkjebladet  i snart 25 år! I   praksis har dei denne tida skaffa stoff og bilete, organisert trykkinga, hente bladet,  telt opp blada, lagt inn giro  og fått frivillige til å dele ut bladet i postkassene i kommunen. Sjølv har dei også ei lang rode. Siste nummeret dei har ansvaret for, nr. 4/2019,  blir distribuert i desse dagar. På denne måten har dei vore med å få  evangeliet og kyrkjeinformasjon ut i dei einskilde heimane og styrka kontakten mellom kyrkje og folk. Begge har  passert 80 år, glade både i bedehuset og kyrkja, trufast med i gudstenestelivet og  blitt av presten kalla «det faste inventaret»  der.

Begge er «stadværingar» og ho skildrar stadværingen i eit av dikta sine slik:

Stadværingen

torer ikkje

heilt

gle seg over

solskinnet.

Han gløser mot

blåhimmelen,

legg

oljehyret og støvlar

bak i bilen. ( Frå diktsamlinga  Blandakorn 2008).

Prisvinnarane er foreslegne av sokneråda i Selje, Leikanger og Ervik.

Skulle nokon vere i tvil: Prisvinnarane for frivilligprisen i Nordfjord 2019 er

Laura Marie og Magnus Fure! Gratulerer!

 De to  er verdige representantar for alle dei frivillige medarbeidarane som er med i det kristne arbeidet i kyrkjelydar og kristne organisasjonar rundt om i Nordfjord prosti. Kyrkja er heilt avhengig av det frivillige arbeidet. Ved å gje denne prisen, så ynskjer vi både å oppmuntre til og takke for alt frivillig kristent arbeid som vert drive rundt om i kyrkjelydane. Og de er gode døme på at i Guds rikes arbeid blir ein ikkje pensjonistar!

Frivilligprisen er som tidlegare år eit vakkert måleri av kunstnaren Kjell Stig Amdam: Den gode hyrdingen, som ser og tek seg av den einskilde. Han har omsorg og er ein god ven! Han har lova å vere med både i dei gode dagane og i dei meir utfordrande dagane.

Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine og mine kjenner meg.(Joh. 10.16)."