Harpefossen skisenter

Håper å opne heisane neste helg

Det er førebels for lite snø til å opne heisane i skisenteret på Harpefossen denne helga, men langrennsløypene blir trakka.

Det er for lite snø enno til å opne heisar denne helga, men vi håpar på meir snø dei komande dagane og opning til neste helg. Det meste av turløypene er rulla i dag og vil bli trakka i morgon, opplyser Tore Kroken Karlsen. (t.v.) T.h. Simen Nor. Arkivfoto  

Nyhende

– Vi må vente og sjå kva som skjer ut i veka. Kjem alt berre som regn er det vanskeleg å forutsjå noko. Men får vi snø og gode forhold, håper vi på neste helg. Vi jobbar på spreng, og maskinene vil trakke langrennsløypene i morgon, opplyser Tore Kroken Karlsen, operativ leiar ved Harpefossen skisenter AS.


Satsar på dobbelt så rask produksjon av snø

Fram til no har Harpefossen skisenter brukt eit par veker på produksjon av nok snø til opning. Ved hjelp av ny vassrøyrgate fram til snøkanonane vil denne jobben kunne gjerast på vel ei veke.