100 songar frå Teater Vestland

Teater i Valhall

I morgon kveld kjem Teater Vestland til Valhall på Nordfjordeid med stykket 100 songar.

I morgon kveld vil Valhall få nytt liv som teaterarena når stykket «100 songar» skal spelast der. Skrive av Roland Schimmelpfennig, ein av dei mest tonegivande dramatikarane i vår tid. Heile stykket utspelar seg innanfor ein periode på fire minutt og fire sekund.   Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

Nyhende

Teater Vestland set i morgon kveld opp stykket «100 songar» på scena i ungdomshuset Valhall på Nordfjordeid.

«100 songar» tek føre seg ein periode på berre fire minutt og fire sekund. Og kva som skjer etter at folk kjem til stasjonen, og toget går opp i flammar etter å ha forlate perrongen. Dette er eit nyskrive stykke av Roland Schimmelpfennig, med noregspremiere i teateret sin blackbox. Til saman skal dette stykket visast på elleve stadar i tidlegare Sogn og Fjordane i løpet av 2020.