Frå Sogn og Fjordane til Teater Vestland

Teater i Kjølsdalen og Valhall

Med nytt namn finn Sogn og Fjordane sitt teater likevel fram til dei mindre kulturhusa. Neste år kjem Teater Vestland til både Valhall og Kjølsdalen kyrkje.

25. februar vil Valhall oppstå på ny som teaterscene når stykket «100 songar» skal spelast der. Skrive av Roland Schimmelpfennig, ein av dei mest tonegivande dramatikarane i vår tid. Heile stykket utspelar seg innanfor ein periode på fire minutt og fire sekund.   Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

«Maria, Jesu mor» kjem til Kjølsdalen kyrkje 27. mars. Som siste del av trilogien skriven av Håvard Rem. Marit Østbye blir i rolla som mor til Jesus.   Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

Nyhende

Frå nyttår vil fylkesteateret vårt få nytt namn. Etter 42 år som Sogn og Fjordane teater blir namnet frå 1. januar TeaterVestland. Programmet for 2020 er no klart, der Stad kommune så langt er sett av med tre framsyningar. Og sjølv med eit namn som peikar mot eit vidare omland, har dei leita opp lokale kulturhus i gamlefylket for neste år.

Teater i Valhall

Ikkje minst kan ihuga nostalgikarar gle seg over at det 25. februar blir teater i Valhall. Då Teater Vestland set opp stykket «100 songar» på scena i det tidlegare ungdomshuset. «100 songar» tek føre seg ein periode på berre fire minutt og fire sekund. Og kva som skjer etter at folk kjem til stasjonen, og toget går opp i flammar etter å ha forlate perrongen. Dette er eit nyskrive stykke av Roland Schimmelpfennig, med noregspremiere i teateret sin blackbox. Til saman skal dette stykket visast på elleve stadar i Sogn og Fjordane i løpet av 2020.

Maria til Kjølsdalen

Frå før har både «Juleevangeliet – Miriam si forteljing» og «Maria Magdalena – Jesu virke» blitt vist i Kjølsdalen kyrkje. No er det Maria, Jesus si mor, sin tur til å kome til ordet. 27 mars 2020 kjem stykket «Maria, Jesu mor – Påskeevangeliet» til kyrkja i Kjølsdalen. Dette er siste del av Håvard Rem sin monolog – trilogi. Dei to første monologane besøkte 39 ulike kyrkjer med over 60 framsyningar.

Vestland Vestland

Teater Vestland vil bli det teateret i Norge som turnerer mest med store produksjonar på nynorsk. Til hausten vil dei kommentere kommunesamanslåinga med det humoristiske stykket «Vestland Vestland», skrive av Finn Tokvam. Framsyninga opnar haustsesongen 2020 og er ei gåvepakke frå Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret til alle innbyggjarane i det nye fylket. Her får publikum vite ein heil del om Sogn og Fjordane og Hordaland som dei sikkert alltid har lurt på, og ein heil del som dei ikkje visste at dei lurte på.

Teater Vestland vil også setje opp «Annie» og «Frakt under havet», der turnéplanen enno ikkje er klar.