Truleg trong for 70 nye bueiningar på Hauane

Sterkt tomteengasjement

Tysdag kveld inviterte Stad kommune til møte der bygdefolket fekk presentert ei Bustadanalyse for Haugen krins.

BYGDA MØTTE OPP: Det var bortimot 40 frammøtte på bygdemøtet der Nordplan presenterte informasjon som skal danne grunnlag for å planlegge nye bustadområde på Hauane. Utgangspunktet er behov for tomter og at bustadfelt må plasserast i gangavstand til skulen. Det var lagt opp til gruppearbeid og mange område vart gjenstand for diskusjonar. 

Nyhende

Hanne Marie Utvær frå Selje/Stad kommune leia møtet. Ho var klar på at der ligg inne midlar for planlegging i 2020, og at kommunen tek mål av seg til å etablerte eit kommunalt bustadfelt på Hauane. Ho fekk spørsmål om framdrift, og det vart sagt at ein i beste fall kan rekne med å ha eit planframlegg klar til utlegging til offentleg ettersyn før sommaren 2020.