Nordfjordrådet vil gi støtte til film om Stad skipstunnel

Illustrasjon: Stad skipstunnel Kystverket/Snøhetta 

Nyhende

Styringsgruppa for Stad skipstunnel har søkt Nordfjordrådet om økonomisk støtte til ny film om prosjektet. Saka var oppe i møte måndag, og Nordfjordrådet var i utgangspunktet positiv til søknaden: Problemet var at saka, på grunn av ei misforståing, ikkje var førebudd. Sak om støtte til filmen vil difor bli utgreidd og behandla via e-post.

Det vart opplyst at filmen allereie er laga, og kostnaden vart om lag 300.000 kroner.

Søknadssummen var i utgangspunktet 50.000 kroner, men oppjustert til 80.000 kroner for å kome i mål med fullfinansiering.