Julegrantenning i bygder og sentrum

Starten på desember betyr tenning av jule- graner i ulike bygder og i sentrum av Eid. I løpet av dei næraste dagane er det fem juletre utandørs som skal bli opplyst.

lys i julegrana: I løpet av dei næraste dagane skal det bli lys i julegraner ved fire skular i Eid, og på Badstuplassen i Eid sentrum. Arkivbildet viser julegrantenning på Stårheim. 

Nyhende

Først ute er Nordfjordeid sentrum med julegrantenning på Badstuplassen i morgon ettermiddag. Då blir det først fakkeltog gjennom Eidsgata, tenning av grana på Badstuplassen, gang rundt juletreet, og kanskje kjem nissen.

Søndag 1. desember er det julegrantenning og julebasar på Haugen. Det vert først tenning av julegrana på Bygdaplassen, deretter julekafe i Vårtun med åre-/loddsal og matservering.

Søndag 1. desember blir det julegrantenning på Stårheim med kafé i Fram etterpå. Her blir det mat, kaffi, loddsal og åresal, samt underhaldning av barnekoret.

Måndag 2. desember blir det julegrantenning ved Hjelle skule. Her vil Hjelle skulemusikk spele, og det blir servering av gløgg på peparkaker.

Tysdag 3. desember er det Kjølsdalen sin tur å få lys julegrana utandørs. Her vil Kjølsdalen skulemusikk spele til gang rundt juletreet. Og det blir servert gløgg og peparkaker.