Har den beste kulturelle skulesekken i landet

Sogn og Fjordane er på førsteplass på Norsk kulturindeks 2018 når det gjeld tilbodet i Den kulturelle skulesekken (DKS).

På toppen: Sogn og Fjordane har den beste kulturelle skulesekken. foto: David Zadig 

Nyhende

– Vi jobbar mykje med å gje elevane i Sogn og Fjordane eit så godt og variert kunst- og kulturtilbod som mogleg. Då er det kjekt å sjå at arbeidet gjev resultat. Dette var stas, seier DKS-koordinator i Sogn og Fjordane, Øyvind Høstaker.

Sogn og Fjordane har tidlegare delt førsteplassen med Telemark.

Tronar åleine på toppen

Norsk kulturindeks måler heile DKS-tilbodet i fylket, både det som blir formidla av kommunane og av fylkeskommunen. Fylkeskommunen står for det største tilbodet og formidlar turnear til både grunnskule og vidaregåande opplæring.

I Norsk kulturindeks tronar Sogn og Fjordane aleine på topp, eit stykke framfor Aust-Agder på andreplass og Vest-Agder på tredjeplass.

Tala i kulturindeksen er basert på breidda og omfanget i DKS-tilbodet totalt for alle kommunane i fylket. Det vil seie kor mange ulike sjangrar elevane har fått oppleve, og kor mange tilbod elevane i grunn- og vidaregåande skule har fått i løpet av året.

– Vi har dei siste åra jobba særleg med å balansere tilbodet i skulesekken med ulike kunst- og kulturuttrykk. Eitt av tilboda er at alle elevane på niande steg kvart år får ein DKS-dag på det næraste museet. Vi har også jobba aktivt med film og å få inn fleire filmar, då denne sjangeren tidlegare var underrepresentert i tilbodet til skulane, seier Høstaker.