Hamna i grøfta på glatta

Nyhende

Politiet fekk klokka 03.10 i natt melding om ei ulukke der ein personbil hadde hamna i grøfta like etter utgangen av Brunsviktunnelen på Rv 15 på Nordfjordvegen ved Almenningen. 

Det var tre personer i bilen, som hadde snurra rundt på glatta og velta over på taket.

Den første meldinga gjekk ut på at alle var vakne og ute av bilen og at naudetater var på veg til staden.

Politiet opplyser at to av dei involverte vart køyrt til legevakta for sjekk. Ein med skade i handledd og ein klaga over smerter i nakke.

Politiet oppsummerer at bilen har køyrt Rv15 i retning Måløy, kome ut av tunnel, mista grepet og hamna i grøfta. Det var veldig glatt på staden.