Ny satsing på Fjordane folkehøgskule

Vil tilby musikal-linje

Til hausten vil Fjordane folkehøgskule tilby ei ny linje. Musikal West End er namnet, der elevane mellom anna vil få tur til West End i London.

Fjordane folkehøgskule har hatt aukande søkjartal dei siste åra, der ikkje minst hestelinja har vore populær. No satsar skulen og rektor Silvia van Hesik Førde mot å trekkje til seg endå fleire søkjarar med musikallinja, som også vil kunne dra nytte av lokal kompetanse i Eid og omegn.   Foto: Arkiv: Yngve Tolaas

Elevane vil få møte profesjonelle frå West- End-miljøet i London

Nyhende

Sidan Fjordane folkehøgskule er plassert i kulturkommunen Eid, vil dei no dra nytte av lokal kompetanse innan området dans, song/vokal og drama. Til hausten vil dei tilby den nye linja som har fått namnet West End Musikal.