The HU til Malakoff

Den mongolske metalsensasjonen THE HU kjem til Malakoff 2020.

The HU er det sjette bandet som no er klart for Malakoff 2020.  

Nyhende


– Malakoff er særs stolte over å presentere eit så unikt band som The HU for vårt festivalpublikum. Det er ikkje kvar dag at mongolske metalband går gatelangs her på Nordfjordeid, seier ein smilande og tydeleg fornøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

The HU sin unike miks av både metal, tradisjonell folkemusikk og strupesang har feia over fleire kontinent og store festivalar det siste året.

Dei to fyrste videoene deira ("Yuve Yuve Yu" og "Wolf Totem") har raskt blitt virale vinnarar med over 50 millionar visningar på YouTube. Bandet har turnert verda over, og debuterte i sommar på store festivalar som Download Festival, Rock Am Park og Tons of Rock her til lands.

The HU har lagt ut på en verdensomspennende turné til støtte for debutalbumet deira, og bandet spelar m.a ein utsolgt konsert på Rockefeller i januar.

Til sommaren returnerer dei til Norge, og spelar sin einaste festivalkonsert i landet på Malakoff20.


Band/artistar som så langt er i boks til neste sommar:

THE HIVES (SE)
NOTHING BUT THIEVES (UK)
DAGNY
THE HU (MN)
DRITTMASKIN
JACKBOW