Løft for ung kultur

Prosjektet «Ein Stad der Ung Kultur Møtast» i Selje får eit tilskot på 15.000 kroner.

Ung kultur: Selje kommune får 15.000 kroner i tilskot til ung kultur.   Foto: Pressefoto

Nyhende

Åtte prosjekt i fylket har fått støtte med å løfte og utvikle arbeidet med UKM. I alt har dei åtte prosjekta fått 113.000 kroner i stimuleringsmidlar frå UKM Norge. Sogn og Fjordane er dermed eit av fylka som får mest pengar til å sette i gang prosjekt for å utvikle UKM.

Selje kommune får altså 15.000 kroner, Stryn 8.000 kroner til prosjektet Pangstart for UKM Stryn. Gulen frivilligsentral får 15.000 kroner for UKM workshops. Bremanger kommune får 15.000 kroner til UKM spelegal, Bremanger Showdown, medan Kinn UKM får 15.000 kroner for prosjektet Rekruttering og starten på ein felles identitet. Førde får 15.000 kroner til UKM Sunnfjord-E-sport, medan fylkeskommunen får 20.000 til planleggingshelg for arrangørar og 10.000 til festivalredaksjon.