Vestland Sp, Ap, MDG, SV, KrF og V

Dei første løyvingane er klare

Fylkespolitikarane i Vestland fylke samlar seg om prioriteringane for tida framover.

Samde: Frå venstre: gruppeleiarane frå samarbeidspartia Anne Gine Hestetun (gruppeleiar Ap), Aleksander Øren Heen (gruppeleiar Sp), Trude Brosvik (gruppeleiar KrF), Alfred Bjørlo (fung. gruppeleiar Venstre), Marthe Hammer (gruppeleiar SV) og Natalia Golis (gruppeleiar MDG). foto: Kari Aakra/Hordaland Sp. 

Nyhende

Sp, KrF, SV, MDG, V og Ap sikrar skular, skjermar kollektivtrafikken, og tar eit løft for kultur og frivilligheit i det første budsjettet for Vestland fylke.

Samarbeidspartia samla seg om prioriteringane i budsjettet for Vestland.

– I dette budsjettforslaget klarer vi å både kutte utgiftene med om lag 100 millionar kroner, samstundes som vi satsar på skule, klima og frivillig arbeid, og skjermar kollektivtrafikk. Det klarar vi gjennom omprioritering innan svært knappe økonomiske rammer.

Skule

Dei største satsingane i partia sitt budsjettframlegg ligg innan opplæringsfeltet, der skulane blir tilført meir enn 17 millionar kroner, og skulesektoren får nærare 40 millionar. Koalisjonen vidarefører ordningane med skulefrukost og vaksine mot hjernehinnebetennelse og utvidar desse satsingane til heile Vestland. Fleirtalspartia styrkar ordninga med skulepsykologar, som var føreslått nedlagt av fylkesrådmannen.

– Det viktigaste vi kan gjere for å utjamne sosiale forskjellar, og sikre at det er mogleg å bu og leve i heile fylket, er å trygga ei god vidaregåande opplæring. Det gjer vi ved å styrke skulebudsjetta, sikre breidde i utdanningstilbodet, sørge for at elevane får mat på skulen, tilgang til psykolog og ei billigare utdanning. Då gir vi ungdommane dei beste føresetnadene for å lukkast. Det vil både den einskilde elev og samfunnet tena på, heiter det i ei pressemelding.

Frivillig arbeid og kultur

Vidare har dei funne rom for fleire klimatiltak, som mellom anna klimaplan for Vestland fylke. Klimasatsinga viser også att i auka satsing på kollektivtrafikk.

Frivillig arbeid og kultur har vore ei viktig satsing for samarbeidspartia. Koalisjonen har difor prioritert auka tildelingar til små og store institusjonar, lag og organisasjonar i heile Vestland.

– Kultur og frivillig arbeid er limen i samfunnet vårt, og kulturen har ein eigenverdi. Difor styrkar vi denne sektoren, og aukar tildelingane til ei rekke aktørar som bidreg til å gje folk i fylket vårt ein arena for utfolding og fellesskap.

– Venstre er glade for at det fyrste budsjettet i Vestland fylke har ein tydeleg distriktsprofil, med sterk vekt på å satse på vidaregåande skule, kultur og frivilligheit – og ei tung satsing på rassikring og samferdsle.

Godt for Sogn og Fjordane

– Venstre er glade for at det fyrste budsjettet i Vestland fylke har ein tydeleg distriktsprofil, med sterk vekt på å satse på vidaregåande skule, kultur og frivilligheit – og ei tung satsing på rassikring og samferdsle.

Det seier Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Jan Henrik Nygård, og fungerande gruppeleiar for Venstre i Fylkestinget i Vestland, Alfred Bjørlo, i ein kommentar til at samarbeidspartia i Vestland fylkesting har samla seg om felles budsjettprioriteringar for 2020.

– Vi er særleg nøgde med at vidaregåande skule er tilført heile 40 millionar kroner samanlikna med Fylkesrådmannen sitt budsjettframlegg, med særleg vekt på å sikre ressursar til skulane i Sogn og Fjordane. Dette er svært viktig for tilbodet til elevane i distrikta, seier Nygård og Bjørlo.

– Vi er også glade for at partia har funne rom til å vidareføre ordninga med Kommunale Næringsfond i Sogn og Fjordane, og varslar ytterlegare satsing på dette i 2021. Vi gler oss også over tilføring av midlar til frivillige lag og organisasjonar og til viktige språk- og kultursatsingar som Vestnorsk Teater (tidl. Sogn og Fjordane Teater), Opera Nordfjord, Bokbyen i Fjærland, Jakob Sande-senteret og regionalt pilegrimssenter i Selje.

Budsjettet sikrar også at det blir løyvd oppstartsmidlar til viktige investeringsprosjekt som Førde Campus og nytt opplæringsfartøy ved Måløy Vidaregåande skule, samt førebuande reguleringsarbeid til oppstart av Svelgen-Indrehus i 2021.