Audmjuk utvalsleiar

Det viktigaste for meg, som fersk politikar, er å finne forma for korleis vi skal jobbe i utvalet.

Audmjuk: Marilyn Osmundsvåg, utvalsleiar for Helse- og omsorgsutvalet i Stad kommune, ser klart det blir krevjande saker i utvalet framover. – Eg er audmjuk i forhold til den jobben vi skal gjere, det handlar trass alt stort sett om folk heile vegen, seier ho. 

Nyhende

Det sa nyvald leiar for Helse- og omsorgsutvalet i Stad, Marilyn Osmundsvåg (V), som bur i Selje og jobbar som lærar ved Selje ungdomsskule, til Fjordabladet etter at det første utvalsmøtet var vel i hamn.