Støtte til innspeling av vinterlåt

Line Dybedal får støtte til innspeling frå Sogn og Fjordane Musikkfond.

Line Dybedal har fått støtte frå Sogn og Fjordane musikkfond.   Foto: Helle Frogner

Nyhende

Sogn og Fjordane musikkfond (SOMU) er eit sjangeruavhengig fond med tilskotsordningar for artistar og arrangørar frå Sogn og Fjordane.

Etter søknadsfristen i oktober 2019 vart det gitt innspelingsstøtte til Line Dybedal, Frida Hunshammer, Slegest, Kråkebollane, Øyrehagen og I SEE RIVERS og turnéstøtte til Siri Byrkjedal og Øyrehagen.


Line Dybedal fekk støtte til innspeling av vinterlåt

Line Dybedal frå Selje følger opp musikken frå barnetv-serien “Bli med heim” med meir barnemusikk som vaksne også har glede av. Med den nye singelen “Hjertet lyser som ei snølykt” viser ho mysteriet og spenninga rundt nysnøen når vinteren endeleg kjem.

– SOMU er viktig fordi det å drive kultur, både på amatør- og profesjonelt nivå er krevande. SOMU gjev oss ein liten dytt, slik at vi får realisert draumar og fine prosjekt, seier Line Dybedal