Lokal handel

Inviterer til nisjelaurdag

Laurdag 30. november er det igjen klart for å sette fokus på lokal handel, når butikkane i Eidsgata inviterer til nisjelaurdag.

Mangfaldet: Butikkane i Eidsgata vil vise deg mangfaldet av butikkar, og inviterer til nisjelaurdag førstkomande laurdag. F.v. Dagny Sunde frå Skobutikken Sunde, Kathrine Berstad frå Pets, Anita Karin Myklebust frå Nordfjord optikk, Irene Berteig frå Hildenes gartneri og Margrete Sunde frå Skobutikken Sunde.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Vi ønskjer å sette kunden i fokus, og er ein motpol til netthandel på black friday. Vi trur ikkje du får same servicen på nett som du får når du handlar direkte i butikk, seier Irene Berteig ved Hildenes Gartneri.

Det viktige med nisjelaurdagen er å skape liv i Eidsgata.

– No har vi fått mange etableringar rundt oss, og det skal noko til å fylle opp alle lokala her. Det er kjekt med etableringar, og Nordfjordeid er ein fantastisk handelsstad, som trekkjer mykje folk hit, påpeikar ho.

Ferdigpynta til jul

No er vinterlysa i Eidsgata komne opp. Butikkane er pynta til jul og gjer seg klare til julehandel.

– Det er viktig å bruke dei lokale butikkane, om ein ønskjer å ha butikkar her, oppfordrar dei. – Vi set pris på kundane, og difor gjer vi litt ekstra med ein nisjedag. Opplegget vert etter same lesten som var i for, seier Margrete Sunde frå Skobutikken Sunde.

– Først er det nisjelaurdag, så har vi julegrantenning på Badstupladsen etterpå. Der vil det blir trekt ut ein vinnar av ei stor korg med fine produkt som butikkane i Eidsgata har gitt. For kunne vinne må ein ha skrive namnet sitt bak på ein kassa-









lapp, som så vert trekt ut, fortel Katrine Berstad frå Pets.